Kvart år presenterer avgangsklassane på Sunndal vidaregåande skole sin eigen revy.
Tidleg på hausten blir oppgåver fordelte og arbeidet sett i gang. Først og fremst brukar ein første semester til produksjon av tekstar og musikk, samt å skaffe pengar til å gjennomføre dette etterkvart store arrangement.
Sunndal vidaregåande skoles avgangsrevy blir inneverande skoleår (2007/08) sett opp for 31. gong . Gjennom dei åra revyen har vorte sett opp, framhevar den høge kvaliteten på musikk og tekstproduksjon seg særleg. Revyen framskaffar og nye talent på sang og skodespelarsida. Det er imponerande å sjå korleis ein over natta kan forvandle "trøytte pultslitarar" til lysande stjerner på artisthimmelen. Om ikkje anna så for ei helg.
Avgangsrevyen har premiere i Sunndal kulturhus i første del av februar kvart år.
Skolen trur arbeid med teater og revy utviklar mennesket. I tillegg trur vi revyen er noko ein kan ta med seg heimanfrå når ein skal ut i verda. Dessutan er det sosialt og artig.
Vi er stolte av revytradisjonen ved Sunndal vidaregåande skole.