Reglement

 

Husreglar for Sunndal vidaregåande skole

På skolen skal du rette deg etter dei reglane som gjeld som t.d. skolereglementet , IT-reglement

Om undervisninga
  • Møt alltid presis til timane og andre avtalar
  • Ha med deg det utstyret som vert kravd for å følgje undervisninga
  • Lever alltid arbeid i tide
  • Hald ro i undervisningstimane
  • Ikkje fusk eller forsøk å fuske ved prøver
Om bruk av PC
  • I undervisningstimane skal PC-en vere avslått og pakka ned dersom ikkje anna er avtalt med læraren.
  • Elektronisk utstyr (t.d. mobiltelefon, mp3-spelarar) er ikkje lov å bruke i undervisningstimane utan avtale med læraren.
  • I arbeidsøkter med bruk av berbar PC skal PC-skjermen leggjast ned når læraren ber om det.
  • Det er ditt ansvar at PC-en din fungerer som han skal og kan brukast på det trådlause nettet.
  • Når du bruker Internett skal du følgje skolen sine nettvett- og IT-reglar
Om livet på skolen
  • Vi snakkar høfleg og hyggelig til kvarandre og om kvarandre.
  • Mobbing, rasisme eller seksuell trakassering skal ikkje førekomme.
  • Sjikane på grunn av religion eller livssyn skal ikkje førekomme.
  • Vi banner ikkje
  • Vi røykjer ikkje, bruker snus eller bruker rusmidlar
  • Det er forbode å ha med kniv eller anna våpen på skolen.
  • Du skal ta vare på skolebygget og skolen sitt utstyr
  • Hold skolen rein og ryddig både inne og ute.
  • Ta godt vare på personlige eigedelar.
  • Tek du med verdisaker på skolen er det på eige ansvar.

 

Sentrale reglement for Sunndal vidaregåande skole

Felles ordensreglement juni 2010

IKT reglement Sunndal vgs


Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.