50 nye medlemer i politiske parti!

Publisert 01. september 2011 08:29:04 av Jan Ove Løken Administrator
Engasjerte ungdomspolitikarar
Under valtorget ved Sunndal vidaregåande skole 31. august 2011 fekk dei politiske partia om lag 50 nye medlemer.

Representantane for partia møte mange ungdommar med eit stort engasjement. Både elevar og ungdomspolitikarar var nøgde med årets valtorg som erstatta den tradisjonelle skoledebatten. For framtida ønskjer dei seg ein kort og nøktern skoledebatt etterfølgd av valtorg.

Ungdomspolitikarane var særs nøgde med at så mange unge melde seg inn i partia deira under valtorget.

Mange engasjerte ungdomspolitikarar. Her representert ved Unge Høyre

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.