BASIX held konsert for elevane ved Sunndal vgs

Publisert 28. august 2008 14:55:32 av Jan Ove Løken Administrator
Konsert for alle elevar på Sunndal vidaregåande skole onsdag 03.09.2008 klokka 10.00 på Sunndal Kulturhus.
Med føtene solid planta i pop-, rock-, jazz-, RnB- og soultradisjonen syng dei seks vokalistane i den danske gruppa BASIX seg rett inn i hjartet på publikum.

Gruppa presenterer eit program som er laga for framføring på skolar, og elevane vil få høyre kjende låtar i ny innpakking samt nye låtar framført med glimt i auget, sjarm og vokale prestasjonar som er heilt spesielle! Gruppa har seld til platina i Danmark som første vokalgruppe, og ho har motteke prisar både innan- og utanlands.

Medverkande

Konserten er ein del av Kultursekken

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.