Evakueringa av bygget var gjennomført og bygget kontrollert 4 minutt etter at alarmen gikk. Brannalarmen vart utløyst av støv frå boring i betong i kjellaren. Det var ingen røyk og ingen ild.
Temperaturen ute var -15 grader med litt vind. Opphaldet ute i kulda vart lengre enn naudsynt for fleire elevar og tilsette då ein del personar gikk inn att i bygget før situasjonen var avklart. Dei måtte hentast ut att av skoleleiinga. Brannmeister Steinar Hauglum kom raskt til skolen og var med på å avklare situasjonen.