Resultat dei siste 10 åra i blått. Raud trendlinje.
86% av elevane som starta på Sunndal vidaregåande skole hausten 2009, fullførte skoleåret med ståkarakterar i alle fag. Dette er 3%-poeng høgare enn sist skoleår, og 3%-poeng høgare enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra.
98% av elevane fekk beste karakter i orden og oppførsel. Dette er 3%-poeng høgare enn sist skoleår, og 6% betre enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra.
5% av elevane slutta før skoleåret var ferdig. Dette er 1%-poeng dårlegare enn sist skoleår og likt med gjennomsnittet for dei 10 siste åra.
Elevane sitt frammøte på skolen var på 95%, om lag som gjennomsnittet for dei siste 10 åra og for forrige skoleår.
Nesten 7% av elevane fekk strykkarakter i minst eitt fag. Dette er ei sterk reduksjon i strykkarakterar, vel 5%-poeng betre enn skoleåret 2008/09, og 1%-poeng betre enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra.
93% av elevplassane ved skolen var i bruk ved slutten av skoleåret, dette er den nest høgaste kapasitetsutnyttinga skolen har hatt dei siste 10 åra, og 5%-poeng høgare enn gjennomsnittet.
Etter eit lite tilbakeslag forrige skoleår, har vi fått ny framgang. Sjølv om skoleåret 2009/10 er det 3. beste dei 10 siste åra, og vi har den nest høgaste kapasitetsutnyttinga, er vi ikkje heilt nøgd. Skoleleiinga og dei tilsette vil saman vurdere og iverksette tiltak for å få endå betre resultat skoleåret 2010/11.
Du finn meir detaljerte opplysingar om resultata her: