Eit middels skoleår for Sunndal vgs – men svakare enn forrige år

Publisert 09. juli 2009 08:56:55 av Jan Ove Løken Administrator
Skoleåret 2008/09 er det 5. beste skolen har hatt dei siste 10 åra. Etter tre toppår, har skolen opplevd eit tilbakeslag. Det mest negative er at vi har hatt ein auke i talet på strykkarakterar. Det mest positive er at vi har hatt ei veldig god oppfylling av elevplassane ved skolen.

Resultat dei siste 10 åra i blått. Raud trendlinje.

Kort om sentrale resultatindikatorar

82% av elevane som starta på Sunndal vidaregåande skole hausten 2008, fullførte skoleåret med ståkarakterar i alle fag. Dette er 6%-poeng lågare enn sist skoleår, men 2%-poeng høgare enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra.

95% av elevane fekk beste karakter i orden og oppførsel. Dette er 1%-poeng lågare enn sist skoleår, men 5% betre enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra.

4% av elevane slutta før skoleåret var ferdig. Dette er 1%-poeng betre enn gjennomsnittet for dei 10 siste åra og for 2007/08.

Elevane sitt frammøte på skolen var på 94%, om lag som gjennomsnittet for dei siste 10 åra og for forrige skoleår.

Nesten 12% av elevane fekk strykkarakter i minst eitt fag. Dette er ei sterk auka i strykkarakterar, vel 3%-poeng høgare enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra, og nesten 7%-poeng høgare enn skoleåret 2007/08

Neste 93% av elevplassane ved skolen var i bruk ved slutten av skoleåret, dette er den nest høgaste kapasitetsutnyttinga skolen har hatt dei siste 10 åra, og 8%-poeng høgare enn gjennomsnittet.

Konklusjon

Etter tre år med topp resultat har vi fått eit tilbakeslag. Sjølv om skoleåret 2008/09 er det 5. beste dei 10 siste åra, og vi har den nest høgaste kapasitetsutnyttinga, er vi ikkje nøgd. Skoleleiinga og dei tilsette vil saman vurdere og iverksette tiltak for å få betre resultat skoleåret 2009/10.

Resultatindikatorar Sunndal vgs

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.