Endra rutine for reduksjon av fråvær for elevar

Publisert 23. desember 2009 13:40:10 av Jan Ove Løken Administrator
Frå 1. januar 2010 skal all søknad om reduksjon av fråvær pga sjukdom m.m. godkjennast av kontaktlærar.


Godkjenninga skal gjerast like før eller rett etter fråværet.

Skjema som skal brukast kan hentast i ekspedisjonen, eller skrivast ut her

Søknad om reduksjon av fråvær

Kva fråvær kan det søkast om reduksjon av?

For inntil samanlagt 14 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet dersom det kan dokumenterast at fråværet skuldast:

a) helse- og velferdsgrunnar
b) arbeid som tillitsvald
c) politisk arbeid
d) hjelpearbeid
e) lovpålagt oppmøte
f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Innanfor ramma av 14 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet.

PRESISERINGAR:

*Velferdsårsaker

**

***

****

*****

Meir om reglane for kva fråver du kan søke om reduksjon av, finn du her

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as