Jente møter gut. Ei kjærleikshistorie byrjar.
Men guten er ikkje den jenta trur.
I fire år besøker Johanna Tomas i fengsel. Kvar laurdag i fire år.
Han sit inne for væpna ran. Eit ran han gjorde etter at han trefte Johanna. Han trengde pengane. Det var siste gongen, for han skulle byrje eit nytt og anna liv saman med henne. Ja, han gjorde det for hennar skuld, seier han.
Kjærleiksrommet for dei to unge menneska er derfor besøksrommet i fengselet. Ein time ein gang i veka i fire år. Begge drømmer dei om livet som skal ta til på andre sida av fengselsmuren. Kjærleiken kan jo overvinne alt..........
Teaterframsyninga er ein del av Kultursekken