Første skoledag

Publisert 18. august 2011 14:47:10 av Jan Ove Løken Administrator
Kondolanseprotokoll for 22. juli 2011
306 elevar starta på eit nytt skoleår ved Sunndal vgs 18. august 2011

Elevar og tilsette møtest i kantina. Der ønskte rektor Jan Ove Løken velkomen. Lærar Astrid Sæter heldt ein kort tale ut frå terrorhandlingane 22. juli. Etter eitt minutt stillheit spela Ricky Senn "Tears In Heaven" (E. Clapton) på saksofon. Deretter skreiv elevar og tilsette namna sine i Sunndal kommune sin kondolanseprotokoll før elevar og kontaktlærarar gikk til klasseromma sine for normal skolestart med m.a. utlån av lærebøker.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.