Holocaustdagen

Publisert 27. januar 2011 13:01:21 av Jan Ove Løken Administrator
Holocaustdagen vart markert på Sunndal vgs. 380 elevar og tilsette var samla i kantina for å markere avstand til diskriminering, rasisme og nazisme.

Holocaustdagen er FN' s internasjonale dag mot diskriminering og rasisme.

27.1.45 vart konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen befridd av styrkar frå den Røde Arme, og dei kvite bussane henta dei gjenlevande fangane heim.

Markeringa i år er spesiell, fordi det i år også er 10 år sidan Benjamin Hermansen vart drepen av nynazistar på Holmlia i Oslo. Drapet skjedde  den 26.1.2001.  

I ettertid oppretta regjeringa ein pris som årleg blir delt ut til skolar og institusjonar som arbeider mot rasisme og diskriminering, og prisen fekk namn etter Benjamin Hermansen. Sunndal vidaregåande skole er som kjent den første skolen i landet som fekk tildelt prisen. Det skjedde 27.1.2003.

Elevane frå 3.klasse, som deltok på sist hausts tur med De Hvite Busser, deltok i markeringa med tende lys. Elevar bar flagg som viser kor mangfaldig bakgrunn elevar og tilsette ved skolen har.

Petter Erik Innvik heldt appellen for dagen. Innvik fortalde  historia om Benjamin Hermansen og historia om David Glick for å illustrere kva utslag  nazisme og rasisme kan gi.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.