Holocoustmarkering

Publisert 27. januar 2010 09:45:28 av Jan Ove Løken Administrator
Onsdag 27. januar 2010 markerte elevar og tilsette ved Sunndal vgs den internasjonale Holocoustdagen med ei felles samling i kantina.
Ole Erik Furu held appell, elevar frå Vg3 ST markerte med tende stearinlys og resten av elevane og tilsette var rolege som tende lys. Erling Outzen leia markeringa.

Appell

I dag, den 27. januar 1945, frigjorde soldatar frå den sovjetiske Raude Arméen dei siste gjenverande og overlevande fangane i den nazistiske dødsfabrikken Auschwitz i Polen.

Desse fangane var ikkje mange, berre ein liten rest dei nazistiske fangevaktarane ikkje hadde vunne å ta livet av eller tvinga med seg på dei berykta dødsmarsjane vestover. Dei overlevde fordi dei sovjetiske styrkane rykte fortare fram enn nazistane hadde venta, slik at fangevaktarane ikkje vann å myrde dei.

Det var ein forhutla flokk med fangar dei sovjetiske soldatane fann, blant dei ei gruppe jødiske barn og sigøynerbarn som nazistane skulle bruke til såkalla ”medisinske eksperiment”. Det var derfor dei ikkje hadde vorte gassa i hel ved ankomst som dei andre barna vart.

Sjå for dykk desse ungane, der vinterkledde sovjetiske soldatar og sjukepleiarar fører og ber dei gjennom piggtrådgatene og ut til fridom, pleie og omsorg. Utmagra barn heilt ned i småbarnsalderen, i tynne stripete fangedrakter, redda frå ein sakte og smertefull død som forsøksdyr for nazistane.
Kva for eit bilete viser betre kva nazisme er?
I dag, denne dagen, den 27. januar, dagen for frigjeringa av Auschwitz, er den Internasjonale Holocaust-dagen. Dagen da ein verda rundt minnest det som skjedde, det totale samanbrotet av einkvar form for sivilisasjon og humanitet. Fascismen, i dens mest ekstreme og rasistiske form - den tyske nazismen, og dens folkemord på jødar og sigøynarar, russarar, jugoslavarar og polakkar.
Dagen for å hugse, for at det aldri skal skje igjen, ikkje her, ikke nokon plass, at ein gløymer at EIT MENNESKE ER EIT MENNESKE. Dagen for å love kvarandre å kjempe mot alle former for diskriminering av menneske på grunnlag av etnisk eller religiøs bakgrunn, å kjempe mot eikvar gradering av menneskeverd.
For den slags er dessverre ikkje noko særtysk fenomen. Dei tyske nazistane hadde mange lokale hjelparar, for eksempel den kroatiske Ustasja-rørsla. Vi såg noko liknande utspele seg for få år sidan i Rwanda.
Kanskje ser og høyrer vi uttrykk for dette fenomenet i vår eigen kvardag innimellom – i rasistiske kommentarar eller fakter. Kanskje ser og høyrer vi det på TV når visse mektige menn hissar til krig, vel vitande om at den vil kunne koste hundretusenvis av uskuldige menneske i eit anna land livet.
Mykje er mørkt.
Men vi må ikkje gi opp, vi må aldri gi opp kampen for liv og menneskeverd!
Dette er såleis dagen for å minnast det grufulle, men òg frigjeringa og håpet. Kampen for menneskeverdet må halde fram.

 

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.