Internasjonal skole ved Sunndal vgs?

Publisert 11. november 2010 09:02:11 av Jan Ove Løken Administrator
Eg er overbevist om at både Internasjonal skole og Sunndal vidaregåande skole vil tene på eit nærare samarbeid, og eg ønskjer å få til eit nærare og tettare samarbeid mellom dei to skolane. Men dersom vi ikkje kan få til ei samordning som er både fysisk og organisatorisk, må vi sjå på andre måtar å forsterke samarbeidet mellom to fysisk skilde skolar på.

Det er uttrykt sterke og positive ønske frå leiinga i Sunndal kommune og frå leiinga av Sunndal vgs om eit nærare og tettare samarbeid mellom Internasjonal skole og Sunndal vgs.

Sunndal kommune ønskjer fysisk samlokalisering av dei to skolane med to separate organisasjonar i same bygg, medan Sunndal vgs ønskjer fysisk samlokalisering og ei organisatorisk samordning av dei to skolane.

Vi har gjennomført ei analyse av rombehov som har vist at Internasjonal skole og Sunndal vidaregåande skole kan samlokaliserast i den bygningsmassen Sunndal vidaregåande skole disponerer i dag, men at dei to skolane må ha sambruk om store delar av skolebygget. I tillegg må det eventuelt eit lite tilbygg til for å gi rom for Innvandringstjenesten.

Analysen av Internasjonal skole sitt rombehov i Sunndal vgs sitt bygg viser at dei to skolane må ha sambruk av 30-40% av Internasjonal skole sitt rombehov. Bygningsmassen er ikkje slik at dei to skolane kan vere fysisk skilde.

Med 500-600 personar i eit bygg på 7500 kvadratmeter vil det oppstå mange organisatoriske og mellommenneskelege situasjonar som må løysast til det beste for elevane si læring. Dette vil krevje eit tett samarbeid, og kan i ein del tilfelle vere vanskeleg å få til på ein god måte utan ei organisatorisk samordning.

Eg fryktar at ei samlokalisering utan ei organisatorisk samordning vil kunne virke negativt på det psykososiale arbeidsmiljøet for elevar og tilsette ved dei to skolane. Dette vil i så fall kunne gå for mykje ut over tenesteytinga.

Konklusjonen på mi vurdering er at ei samlokalisering utan ei organisatorisk samordning vil bli for krevjande i forhold til det vi vil kunne oppnå.

Eg er overbevist om at både Internasjonal skole og Sunndal vidaregåande skole vil tene på eit nærare samarbeid, og eg ønskjer å få til eit nærare og tettare samarbeid mellom dei to skolane. Men dersom vi ikkje kan få til ei samordning som er både fysisk og organisatorisk, må vi sjå på andre måtar å forsterke samarbeidet mellom to fysisk skilde skolar på.

Jan Ove Løken

rektor Sunndal vgs

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.