Leiarutvikling i Sunndal

Publisert 09. april 2010 14:31:59 av Jan Ove Løken Administrator
Første samling i leiarutviklingsprogrammet "Den Gode Prestasjon" er gjennomført.
40 leiarar frå 16 ulike verksemder i Sunndal har sett seg på skolebenken for å bli endå betre leiarar.

Totalconsult har det faglege ansvaret. Leiarutviklingsprogrammet er eit samarbeid mellom Sunndal vgs, Sunndal Næringsselskap, Sunndal Næringsforening og Sunndal 2013.

Leiarane er delt i to grupper på 20 deltakarar i kvar gruppe. Gjennom fem samlingar på til saman 10 dagar for kvar gruppe skal leiarane arbeide med ulike tema knytt til leiing og nettverksbygging.

Lydhøre tilhøyrar med tydelege meiningar!

God stemning!

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as