Sunndal vidaregåande skole arbeider aktivt mot rasisme, framandfrykt og diskriminering. Vi markerer årleg Holocaustdagen og Krystallnatta. Kvar haust tek vi med om lag 50 av våre elevar på ei ti dagars reise med Hvite Busser der vi besøker konsentrasjonsleirar frå andre verdskrig i fleire europeiske land. Elevane får mange og sterke opplevingar. I tillegg deltek elevane våre i den internasjonale solidaritetsaksjonen Operasjon Dagsverk kvart år.
Sunndal vgs har også gått aktivt inn på andre område i lokalsamfunnet for å motarbeide rasisme og framandfrykt. For nokre år sidan heidra Regjeringa og dåverande statsministar Kjell Magne Bondevik oss for dette arbeidet ved å gi oss Benjaminprisen. Sunndal vgs var første skole i landet som mottok denne prisen.
I skolen sin hovudinngang står det ei byste av Benjamin Hermannsen. Over bysta heng til ei kvar tid mange flagg som markerer dei ulike nasjonane som er representert på skolen. For å synleggjere mangfaldet vårt tek vi med alle desse flagga når vi har markeringar mot rasisme, framandfrykt og diskriminering. Flagga var også med under markeringa av Holocaustdagen i år.
Sunndal vidaregåande skole påvirkar ungdommar sine haldningar til rasisme, diskriminering og framandfrykt, og vi påvirkar til samfunnsengasjement. Helle Gannestad var tydeleg på dette i sin engasjerte appell ved markeringa av Holocaustdagen. “Jeg er veldig glad for å bli invitert tilbake til skolen som har vært med på å forme meg og skape og bygge opp samfunnsengasjementet i meg” sa ho i følgje avisa Driva.