Ras i Oppdølsstranda 8.juni 2011

Publisert 08. juni 2011 09:20:58 av Jan Ove Løken Administrator
På grunn av rasstengd veg gjennom Oppdølsstranda har enkelte elevar, tilsette og eksamenssensorar vanskar med å kome seg på skolen til avtalt tid. Sunndal vgs har skole som vanleg. Alle eksamenar som skal gjennomførast 8. juni blir gjennomført, men starttidspunktet kan bli noko endra.
Meldingar om munnleg går klokka 10:00. Elevar som ikkje kjem seg på skolen, kan ringe 90218000 etter klokka 10:20 for å få vite kva fag dei kjem opp i.

Det blir lagt ut oppdatert informasjon på denne nettsida etter kvart som vi har nye opplysingar.

Oppdatert informasjon om situasjonen i Oppdølsstranda finn du på Sunndal kommune sine heimesider.

Siste oppdatering av denne nyheita vart gjort klokka 09:29

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.