Riv muren!

Publisert 08. mars 2006 17:24:31 av Jan Ove Løken Administrator
Elevane ved Sunndal vidaregåande skole har hatt avstemming om OD-prosjekt for hausten 2006.

Norsk Folkehjelp sitt prosjekt Riv Muren! vann avstemminga.

Dette prosjektet fekk 103 stemmer, medan prosjektet til Redd Barna, Skuddsikker skole, fekk 98 stemmer. Utviklingsfondet sitt prosjekt Makt, mot og medbestemmelse! fekk berre 38 stemmer.

Du finn meir om dei ulike prosjekta her

Kva prosjekt som blir tilgodesett med OD-midlar hausten 2006 blir avgjort på Elevtinget neste veke.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.