Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!

Publisert 21. juli 2010 13:51:15 av Jan Ove Løken Administrator
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.

Når kan eg søkje?

Du må takke ja til skoleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skoleplass.

Kvar kan eg søkje?

Korleis får eg pengane?

  1. Du sjekkar resultatet av søknaden på Dine siderwww.lanekassen.no. Logg inn med MinID.
  2. Når søknaden er behandla, kjem svaret (stipendmeldinga) til skolen. Hent brevet der når skolen startar til hausten. Ingen får utbetalt pengar før skolen har starta.
  3. For å få pengane til kontoen din må du skrive under på brevet (stipendmeldinga) og sende det tilbake til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under.

Meir opplysingar her

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as