Publisert 01. juli 2011 14:52:57 av Jan Ove Løken Administrator
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.
Når kan eg søkje?
Du må takke ja til skoleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skoleplass.
Kvar kan eg søkje?
- Du kan logge inn på vigo.no og søkje derifrå når du seier ja takk til skoleplass.
- Du kan søkje frå lanekassen.no.
Korleis får eg pengane?
- Du logger inn og sjekkar resultatet av søknaden på Dine sider på lanekassen.no.
- Når søknaden er behandla, kjem stipendmeldinga/gjeldsbrevet til skolen din. Hent brevet der når skolen startar til hausten. Ingen får utbetalt pengar før skolen har starta.
- For å få pengane til kontoen din må du skrive under på brevet (stipendmeldinga/gjeldsbrevet) og sende det tilbake til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under.
Les meir på lanekassen.no og sjekk ut Lånekassen på Facebook.