Dette er ein reduksjon i søkinga på 20 frå søkinga til inneverande skoleår, men 16 fleire enn for skoleåret 2009/10. Per dato har skolen 305 elevar.
Komande skoleår er det planlagt 314 elevplassar ved Sunndal vgs. Det er rimeleg samsvar mellom skolen sine kapasitestal og søkinga.
På nokre utdanningsprogram er det fleire søkjarar enn plassar. Skolen vil gå i dialog med utdanningsavdelinga for å prøve å få plass til flest mogleg av søkarane.
Sunndal vgs har svak søking til vg1 Bygg og anleggsteknikk (6 primærsøkjarar med ungdomsrett)og vg1 Teknikk og industriell produksjon (18 primærsøkjarar, av desse 13 med ungdomsrett). Dette kan i neste omgang gå ut over vg2-tilboda ved skolen
Detaljar om søkinga finn du her