VANLEG SKOLE FREDAG

Publisert 18. mars 2010 17:11:32 av Jan Ove Løken Administrator
Fredag 19. mars 2010 blir det vanleg skole for elevane ved Sunndal vgs. Etter fire dagar med stengt skole grunna rasfare, opnar skolen igjen.
Vedtaket om opning er gjort med atterhald om at verprognosane held, og at rasfaren ikkje blir mykje større fredag enn det det ser ut til torsdag ettermiddag.

Det blir ordinær skoleskyss, men det blir båttransport, ikkje busstransport mellom Opdøl og Sunndalsøra då vegen i Oppdølsstranda er stengt.

(Dersom rasfaren fredag blir mykje større enn venta ut frå vermeldingane, kan det bli bli gitt ny melding på skolen sine heimesider og på SMS fredag morgon)

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.