Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Om skolen / Gruppeorganisering

Gruppeorganisering

 

Gruppeorganisering

Mål:
Ta i bruk handlingsrommet som er skapt gjennom endringane i § 8-2 i Opplæringslova for å få:

Betre tilpassa opplæring for alle
Auka læringsutbytte og trivsel
Meir tid til den enkelte elev
Effektiv og fleksibel utnytting av lærarressursane
Betring av lærarane sitt arbeidsmiljø

Utarbeiding av prosjektet

Elevar og tilsette har tatt del i utarbeiding av målsetting, problemstilling, prioritering av område og konkretisering av prosjektet skoleåret 2003/04.I tillegg har elevar og tilsette tatt del i evalueringa av prosjektet våren 2005, 2006 og 2007.

Problemstilling:
Korleis ynskjer vi at Sunndal vidaregåande skole skal vere i framtida ut frå
1) Skolen si rolle som utdanningsinstitusjon i lokalsamfunnet?
2) Skolen si pedagogiske utvikling?

Følgjande område vart prioritert :

Elevane sitt oppmøte til læringsarbeidet
Praksisretting av læringsarbeidet
Planer for læringsarbeidet
Bruk av arbeidstimar og rettleiingstimar
Elevdeltaking
Elevvurdering
Det fysiske miljøet
Orden i skolen

Synspunkt frå elevar og tilsette er henta inn på kva som bør gjerast innanfor dei prioriterte områda.

Prosjektet er konkretisert slik det går fram av dette dokumentet . Konkretiseringa er samrøystes vedteken i prosjektgruppa 18.05.2004. Prosjektet er justert etter evalueringar våren 2005, 2006 og 2007.

Basisgrupper

Inndeling i basisgrupper

Elevar frå same undervisningsgruppe (tidlegare klasse) blir delt inn i basisgrupper på 5 -15 elevar. Kvar basisgruppe har ein kontaktlærar.

Oppgåver for basisgruppa

Basisgruppa har i hovudsak ein sosialpedagogisk funksjon. I tillegg skal gruppa arbeide med planlegging av elevane si arbeidsveke. Jfr vedlegg 1

Alle basisgruppene har eit møte 1. time måndags morgon.

Kontaktlærar

Kvar kontaktlærar har ansvar for ei elevgruppe på 5-15 personar. Kontaktlærar skal gje elevane personleg oppfølging sosialt og skolefagleg.

Kontaktlærar skal mellom anna:
Ha god kontakt med kvar enkelt elev
Følgje opp eleven si sosiale utvikling
Gi eleven råd i sosiale spørsmål
Gi eleven råd med omsyn til planlegging av skolefagleg arbeid
Ha oversikt over kvar enkelt elev sitt frammøte
Følgje opp eleven si faglege utvikling
Ha god kontakt med faglærarane til eleven
Kjenne eleven sin status i alle fag
Ha kontakt med føresette til umyndige elevar
Ha god kontakt med rådgjevar og avdelingsleiar

Avdelingsleiar er kontaktlærar sin næraste overordna.

Team

Kontaktlærarar for elevar frå same undervisningsgruppe utgjer eit team for gruppa. Det blir sett av tid til samarbeid 9. time kvar torsdag for kvart team. Leiinga av teamet går på omgang mellom kontaktlærarane i teamet.

Organisering av veka

Skoleveka inneheld 45 undervisningstimar à 40 minutt. Tre av desse undervisningstimane blir brukt fast til ulike møte for tilsette.

Elevane si skoleveke blir normalt lagt over 40 undervisningstimar à 40 minutt.

Skoledagen startar klokka 08.00 kvar dag. Elevane har ikkje undervisning 6. time onsdagar. 9. time blir unntaksvis brukt til undervisning. Det blir 10 - 15 minutt friminutt mellom læringssøktene. Frukostpause 15 minutt mellom 1. og 2. time. Lunsjpause 30 minutt mellom 5. og 6. time.

All undervisning blir i hovudsak lagt i blokker på minst 80 minutt.

Aktivitet

Time

Klokkeslett

Læringsøkt nr. I

1. time

08.00 - 08.40

Frokost

 

08.40 - 08.55

Læringsøkt nr. II

2. + 3. time

08.55 - 10.15

Friminutt

 

10.15 - 10.30

Læringsøkt nr. III

4. + 5. time

10.30 - 11.50

Matpause

 

11.50 - 12.20

Læringsøkt nr. IV

6. time

12.20 - 13.00

Friminutt

 

13.00 - 13.10

Læringsøkt nr. V

7. + 8. time

13.10 - 14.30

Friminutt

 

14.30 - 14.40

Læringsøkt nr. VI

9. time

14.40 - 15.20

For timeutrekning, jfr vedlegg 2

Alle basisgruppene har eit møte 1. time måndags morgon. For skoleveker som startar på tysdagar, blir det basisgruppemøte 08.00 - 08.40 på tysdag. Undervisning etter timeplanen frå klokka 08.55

For veker som startar seinare enn tysdag, blir det normalt undervisning ut frå ordinær timeplan.

Arbeidstimar

Arbeidstimane er obligatorisk for elevane. Timane blir lagt mest mogleg samla for heile gruppa på eitt klasserom. Ein arbeidstime per veke blir brukt til basisgruppemøte måndag morgon. Dei andre arbeidstimane skal som hovudregel vere i 4. læringsøkt. I arbeidstimane vel elevane sjølv kva fag dei skal arbeide med . Det skal vere minst ein lærar til stades i arbeidstimane.
Arbeidstimane ligg uavhengig av fagtimane. For yrkesfag blir i gjennomsnitt to av arbeidstimane per veke kopla opp mot praksisarbeid og utplassering.

Det blir lagt inn arbeidstimar slik:

Studieførebuande fag: 152 arbeidstimar per år, i gjennomsnitt 4 arbeidstimar per veke. Ein arbeidstime per veke blir brukt til basisgruppemøte.
Yrkesfag : 152 arbeidstimar per år, i gjennomsnitt 4 per veke der minst 2 blir brukt til arbeid med programfag/studieretningsfag. Ein arbeidstime per veke blir brukt til basisgruppemøte.

Vekeplan

Lærarane lagar gruppevis vekeplan for elevane sitt arbeid.

Felles mal for vekeplan skal brukast av alle og leggast inn på skolen sitt datasystem. Eigen mal for kvar gruppe kan tilpassast innanfor fellesmalen.

Elevane får tilgang til vekeplanen måndags morgon.

Elevane i kvar basisgruppe bruker vekeplanen som grunnlag for å planleggje eige arbeid i arbeidstimar, "holtimar" og heime.

Oppfølging og evaluering

Avdelingsleiarane vil i utstrakt grad vere med på møta i kontaktlærarteama, på basisgruppemøta og i arbeidstimane.
Avdelingsleiarane kan disponere delar av tida 9. time torsdag etter særskilt innkalling.

17.07.2007

Jan Ove Løken
rektor

Vedlegg 1

Basisgruppemøta
På desse møta bør følgjande vere tema:
Korleis var oppmøtet til læringsarbeidet sist veke?
Informasjon om kva som skjer på skolen denne veka
Korleis gjekk arbeidet sist veke?
Gjennomgang av plan for klassen for denne veka.
Planlegging av kva som skal gjerast i arbeidstimane
Planlegging av kva som skal gjerast i "holtimar" på timeplanen.
Planlegging av kva som skal gjerast heime.
Elevrådssaker
Har det skjedd noko spesielt i helga?
Skjedde det noko spesielt sist veke?
Korleis har kvar enkelt elev det?
Korleis fungerer kvar enkelt elev i basisgruppa?
Korleis fungerer kvar enkelt elev i klassen?
Korleis fungerer gruppa samla?

Vedlegg 2

Timeutrekning per veke for elevar

Yrkesfag: 35 undervisningstimar à 45 minutt blir 1575 minutt. 35 undervisningstimar og 4 arbeidstimar à 40 minutt blir 1560 minutt.

Allmennfag: 30 undervisningstimar à 45 minutt blir 1350 minutt. 30 undervisningstimar og 4 arbeidstimar à 40 minutt blir 1360 minutt.

I tillegg blir 6. time onsdagar brukt til ein del felles aktivitetar gjennom skoleåret. På årsbasis vil dette vere innanfor rammene for elevane si obligatoriske skoletid.

Timeutrekning per veke for lærarar

Døme: 22 undervisningstimar per veke.
22 undervisningstimar à 45 minutt blir 900 minutt. 22 undervisningstimar à 40 minutt blir 800 minutt. 100 minutt blir brukt til 2,5 arbeidstime for elevane i veka. Dermed ligg både fagtimar og elevane sine arbeidstimar i læraren si undervisningstid.

Kontaktlærarar får delar av si undervisningstid redusert ved at ein arbeidstime per veke blir brukt til basisgruppemøte og møte i basisgruppa blir rekna som del av kontaktlærar si tid til kontaktlærarteneste.