Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Om skolen / Skoleutval / Reglement

 

REGLEMENT FOR SKOLEUTVAL VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I MØRE OG ROMSDAL - GJELDANDE FRÅ SKOLEÅRET 2003-04.

§1 Føremål
Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skoleutval, jf opplæringslova §11-5. Etter fylkestingsvedtak 11.12.02 (T90/02) skal dette utvalet ha både eksterne og interne representantar.
Skoleutvalet er eit rådgjevande organ for skolen, med eit spesielt ansvar i høve til kvalitetsarbeidet ved skolen.
Fylkestinget opnar for einskildforsøk når det gjeld ytterlegare utviding av avgjerdsmynde for skoleutvalet i strukturspørsmål. Utdanningsutvalet skal ta avgjerd om forsøk etter søknad frå dei vidaregåande skolane. I tillegg blir det opna for at skolar kan søkje om forsøk med styre (institusjon med styre).

§2 Val og samansetting
Skoleutvalet skal ha 7 medlemer med varamedlemer.
Elevane skal ha 2 medlemer med varamedlemer valde av elevrådet.
Drifts- og pedagogisk personale skal ha eitt medlem med varamedlem valde mellom dei tilsette.
Rektor skal vere representant for fylkeskommunen.
Føresette skal ha eitt medlem med varamedlem valde av foreldremøte på grunnkursnivå tidleg kvar haust.
To medlemer frå lokalt samfunnsliv blir oppnemnd av fylkesrådmannen etter framlegg frå rektor.
Representantar for elevar og føresette blir valde for eitt år. Dei øvrige medlemane blir valde/oppnemnde for to år.
Utvalet vel sjølv leiar og nestleiar for eitt skoleår om gongen.
Det skal i størst mogeleg grad vere gjennomgåande representasjon i skoleutval, tilsetjingsutval og arbeidsmiljøutval ved den einskilde skole.

§3 Arbeidsområde
Skoleutvalet skal ha ansvar på desse områda:
• Oppfølging av kvalitetsarbeidet ved skolen (prosess, innhald, og resultat), gjennom tildømes brukarundersøkingar og kartlegging av læringsmiljø
• Godkjenning av mål- og tiltaksplan og årsmelding
• Initiering av utviklingsarbeid

Skoleutvalet skal ha uttalerett på desse områda;
• Mindre investeringar i tråd med fylkestinget sine vedtak om økonomiske rammer
• Disponering av driftsbudsjettet
• Justeringar av skolen sin organisasjonsmodell
• Tilbodsstrukturen ved skolen - skolebruksplanen

§4 Møte og sekretariat
Skoleutvalet held møte når leiaren eller rektor finn det naudsynt, eller når minst 4 av medlemene krev det. Skoleutvalet skal ha minst tre møte i året.
Utvalet skal kallast inn skriftleg med minst 5 dagars varsel. Utvalet er vedtaksført når minst 4 medlemer/varamedlemer møter.
Det skal førast møtebok frå møta. Utskrift av møteboka skal sendast skoleutvalet sine medlemer og varamedlemer, samt fylkesutdanningsjefen.
Rektor er sekretær for skoleutvalet.
Medlemene eller andre som møter i skoleutvalet, har vanleg teieplikt, jf. Fvl. §13 og Strl.§121.