Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Siste nytt / ANTIBAC-ein lortåt revy

ANTIBAC-ein lortåt revy

Avgangskullet ved SVS er i farta med revyen for 2012, som har fått namnet ANTIBAC-ein lortåt revy. Revyens folk sett fokus på dei mange sakene i samfunnet som dei meiner det burde ha vore rydda opp i.

Oppryddinga og reingjeringa skjer både lokalt her på Sunndalsøra, men har og kommentarar til nasjonale og internasjonale saker av den meir «lortåte» sorten. Kanskje snakkar vi her om ulike former for»dirty-business»? Eller kanskje er det enkelte som driv med «skitpreik»? Kor reint bør vi eigentleg ha det?

 Antibac-ein lortåt revy stiller i tillegg  med det beste revybandet nokonsinne! På scena vil vi finne  Ivar Sandbukt, Arild Håkonsen og Ole Ellevseth. Sist, men ikkje minst har bandet med seg den Spelemannsnominerte sunndalsgitaristen Øystein Sandbukt! 

Oddrun Aarflot er ny instruktør av året. 

 Vi gler oss til revy og håper du kjem på forestillinga fredag 10.februar. I Hovshall, naturlegvis ! 

Sigurd Malvik.og Jenny Nerdal Søraas (revysjefar) 

Edel Hoem, revyansvarleg SVS