/ Forsiden / Siste nytt / Brannalarm og evakuert skole
Brannalarm og evakuert skole
Om lag klokka 08:40 1. februar 2010 gikk brannalarmen ved Sunndal vidaregåande skole. Skolebygget måtte evakuerast. Det vart ei kald oppleving for elevar og tilsette.
Evakueringa av bygget var gjennomført og bygget kontrollert 4 minutt etter at alarmen gikk. Brannalarmen vart utløyst av støv frå boring i betong i kjellaren. Det var ingen røyk og ingen ild.
Temperaturen ute var -15 grader med litt vind. Opphaldet ute i kulda vart lengre enn naudsynt for fleire elevar og tilsette då ein del personar gikk inn att i bygget før situasjonen var avklart. Dei måtte hentast ut att av skoleleiinga. Brannmeister Steinar Hauglum kom raskt til skolen og var med på å avklare situasjonen.


