Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Siste nytt / Det er forbode å bruke karakteren 4+ på ei prøve

Det er forbode å bruke karakteren 4+ på ei prøve

Ved vurdering med karakter skal det berre nyttast heile karakterar, altså karakterane 1, 2, 3, 4, 5 eller 6. Det skal ikkje brukast + eller - etter talkarakteren.

Dei heile karakterane skal suplerast av vurdering utan karakter for å gi utfyllande informasjon om eleven sin kompetanse og for å rettleie eleven om kva han bør gjere for å få betre karakter på neste vurdering.

Dette går tydeleg fram av § 3-4 i forskrift til opplæringslova
Utdanningsdirektoratet har funne grunn til presisere denne endringa her

Lærarane ved Sunndal vgs er informert om dette ved skolestart i haust. Dei fleste elevane på Sunndal vgs har fått informasjon om dette frå lærarane sine.