/ Forsiden / Siste nytt / Ekstern vurdering av Sunndal vidaregåande skole
Ekstern vurdering av Sunndal vidaregåande skole
Slik startar oppsummeringa frå forskingsinstitusjonen LÆRINGSlaben etter at dei har vurdert Sunndal vidaregåande skole.
Skolen får veldig gode tilbakemeldingar frå elevane.
I oppsummeringa står det vidare:
"Mobbing forekommer sjelden. Elevene mener selv at de har høy interesse for å lære og at de viser høy innsats og utholdenhet i læringsarbeidet. Lærerne anses som motiverende. Elevene synes de blir tatt på alvor og behandlet med høflighet og respekt. En skal lete godt for å finne resultater som ikke er positive...."
LÆRINGSlaben gir også råd om kva skolen bør arbeide vidare med for å bli betre: Elevane bør bli meir involverte i å sette mål for eiga læring. I tillegg bør skoleleiinga auke læringstrykket på dei tilsette.
Oppsummeringa frå LÆRINGSlaben finn du her:
7. september skal Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal fylke behandle ei sak om kvalitet i vidaregåande opplæring.
LÆRINGSlaben si analyse er sentral i saka.


