Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Siste nytt / Elevane sitt skolemiljø – Statleg tilsyn med Sunndal vgs

Elevane sitt skolemiljø – Statleg tilsyn med Sunndal vgs

“Skolen gjer eit systematisk og kontinuerleg arbeid knytt til dei krav lova set, både når det gjeld fysiske og psykososiale tilhøve” skriv Fylkesmannen i rapporten frå tilsynet.

Det meste er altså bra, men likevel har skolen nokre område som bør betrast.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har hatt tilsyn med korleis Sunndal vidaregåande handterar Opplæringslovas kap 9A Elevane sitt skolemiljø.

I rapporten frå tilsynet skriv Fylkesmannen at Sunndal vidaregåande skole gjer eit systematisk og kontinuerleg arbeid knytt til dei krav lova set, både når det gjeld fysiske og psykososiale tilhøve.

Fylkesmannen trekkjer fram tre område skolen bør bli betre på

1)Skolen må bli flinkare til å behandle forespørslar om tiltak frå elevar, føresette og rådsorgan ved skolen om betring av elevane sitt skolemiljø, formelt etter reglane i Forvaltningslova.

2)Skolereglementet er forelda og må oppdaterast slik at det er i samsvar med dei krav lova set

3)Dei tilsette ved skolen må bli betre kjent med kva krav og ansvar dei har ut frå Opplæringslovas kap 9A Elevane sitt skolemiljø

Rektor Jan Ove Løken er enig med Fylkesmannen i dei momenta som blir trekt fram i rapporten.

“Det er godt å få ei tilbakemelding på at vi stort sett gjer det vi skal gjere på ein tilfredsstillande måte, samtidig som vi får påpeika nokre område vi bør bli betre på” seier Løken.

Arbeidet med å bli betre har alt starta.

Rapporten finn du her:

Statleg tilsyn

Lenke til brosjyre om elevane sitt skolemiljø