/ Forsiden / Siste nytt / ElevPC på Sunndal vgs
ElevPC på Sunndal vgs
Dersom du vil at fylket held deg med PC som du får utlevert ved skolestart, kan du fylle ut registreringsskjemaet her.
Frist for registrering er 16. juli.
Registreringsvindauget vil vere ope til 30. juli. Men ei registrering etter 16. juli gjer at vi ikkje kan garantere at du får PC-en utlevert ved skolestart.
Når du får utlevert PC-en på skolen må du underteikne ein avtale med fylkeskommunen.
Meir detaljert inormasjon
Det vert ikkje kravd betaling for bruk av eigen PC. Elevane må difor underteikne på at dei ikkje gjer bruk av fylket sitt tilbod og dermed sjølv sørgjer for service-/garantiordning. Tilskottet frå fylket, kr. 2330, vert utbetalt om lag 15.09.
Elevar som vel å nytte fylket sitt tilbod vil få utlevert PC-en på skolen ved skolestart.
Dei elevane som vel å nytte tilbodet om skole-PC frå fylkeskommunen vil kvart skoleår bli fakturert for eit beløp avgrensa maksimalt til eleven sitt utstyrsstipend, jf. §19-6 i forskrift til opplæringslova. For skoleåret 2010/2011 vert eigendelen kr. 870. Eleven vil fritt disponere PC-en både i skole- og fritid innafor dei reglane som vert fastsett for bruk av skole-PC-en. Faktura vert sendt ut omkring
1. november. Etter tre år får eleven med seg PC-en. Sluttar eleven tidlegare vil han kunne kjøpe ut PC-en. Reglar for bruk av Skole-PC med utkjøpsordning, service og forsikringsvilkår vil bli utarbeidd og sendt skolane.
Skoleåret 2010/2011 har ein etter konkurranse valgt ADCom som leverandør. Fylkes-PCen neste skoleår vert ein ThinkPad Edge 13,3”. Denne elev-PC-en vil ha ei yting som gjer at ein kan nytta dei digitale læringsressursane som fylket abonnerer på og vanlege fagapplikasjonar som ikkje treng avansert grafisk skjermbehandling. Ein har lagt vekt på at PC-en er robust, har god batterikapasitet og ei vekt som gjer at den blir grei å transportere.
Nærare informasjon om PC-en er lagt ut på ungweb.no
Følgande brev er sendt til alle avgangselevar ved ungdomsskolane i Møre og Romsdal:


