/ Forsiden / Siste nytt / Endra rutine for reduksjon av fråvær for elevar
Endra rutine for reduksjon av fråvær for elevar
Godkjenninga skal gjerast like før eller rett etter fråværet.
Skjema som skal brukast kan hentast i ekspedisjonen, eller skrivast ut her
Kva fråvær kan det søkast om reduksjon av?
For inntil samanlagt 14 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet dersom det kan dokumenterast at fråværet skuldast:
a) helse- og velferdsgrunnar
b) arbeid som tillitsvald
c) politisk arbeid
d) hjelpearbeid
e) lovpålagt oppmøte
f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Innanfor ramma av 14 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet.
PRESISERINGAR:
*Velferdsårsaker
- tilvenning av barn i barnehage eller hos dagmamma/-far: Inntil 22,5 t fordelt over maks. to veker. Følgje barn den første skoledagen: Inntil 7,5 t. Delta i konferansetimar mellom heimen og skolen/barnehagen, dagtid: Inntil 10 t pr. år (inkl. reisetid). Delta på obligatoriske helseundersøkingar for barn under 12 ar: Inntil 5 t pr. år.
- Eige bryllaup/partnarskap: 1 dag.
- Undersøking og behandling hos lege, skolehelsetenesta,tannlege, fysioterapeut m.v. Maks. inntil 3 timar pr. gong. Dersom undersøkinga/behandlinga finn stad utanom distriktet, kan det i tillegg bli gjeve fri for nødvendig reisetid. Beskjed skal bli gitt til kontaktlærar/faglærar.
- Alvorleg sjukdom i næraste familie
- Ved dødsfall i den næraste familien kan det gjevast fri på dødsdagen og gravferdsdagen. Ved særlege behov i samband med dødsfallet kan det bli gjeve ein dag i tillegg. For andre som har stått den avlidne nær, utan å høyre til den næraste familien, kan ein gje permisjon etter del same retningslinjene.
**
- Elevar som er knytt til hjelpekorps kan få permisjon i samband med utrykking.
***
- Ved utøvande aktiv deltaking i internasjonale stemne utanlands, verdsmeisterskap eller landskampar og for utøvande aktiv deltaking i Noregsmeisterskap
****
- For feiring av religiøse høgtidsdagar som ikkje er offisielle etter den norske kalenderen, kan ein gje permisjon i inntil 2 dagar pr. år.
*****
- 14-dagarsregelen. Jfr Forskrift til Opplæringslova § 3-47
Meir om reglane for kva fråver du kan søke om reduksjon av, finn du her


