Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Siste nytt / Gode resultat ved Sunndal vidaregåande skole

Gode resultat ved Sunndal vidaregåande skole

88% av elevane som starta ved Sunndal vgs hausten 2007 fullførte skoleåret med ståkarakterar i alle fag.

Dette er same resultat som toppåret 2006/07 og 6%-poeng over gjennomsnittet for dei siste 10 åra.

96% av elevane fekk beste karakter i orden og oppførsel. Dette er det beste resultatet på 10 år, og 6%-poeng betre enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra.

5% av elevane slutta før skoleåret var ferdig. Dette er det same som gjennomsnittet for dei 10 siste åra, men neste 3%-poeng svakare enn toppåret 2006/07.

Elevane sitt frammøte på skolen var på 94%, om lag som gjennomsnittet for dei siste 10 åra.

(Karakterane er om lag uendra, men på grunn av ferieavvikling er ikkje dataljane i statistikken klare per 22. juli 2008.)

Vi har reflektert noko over kva som kan ha medvirka til det gode resultatet.

Moment i refleksjonane våre så langt har vore:

1) "Elevmateriellet"

"Elevmateriellet" vårt kan variere litt frå år til år. Dette kan gi tilfeldige utslag på indikatorane.

2) Elevane sine opplevingar gjennom skoleåret

Vi trur elevane i større grad opplever ein tryggare skolekvardag no enn tidlegare. Dei får tettare oppfølging av kontaktlærar, rådgivar og avdelingsleiar, og det sosialpedagogiske arbeidet har fått noko meir fokus dei seinare åra.

Det er lagt stor vekt på samansetting av basisgruppene og på kven som skal vere kontaktlærar for dei ulike basisgruppene.

Opplegget for elevar med spesielle behov har vore tillagt stor vekt.

3) Endra vurderingspraksis

På skolen har vi fokusert på kva konsekvensar vurderingspraksisen vår kan ha for ungdommar vidare i livet. Det har også vore arbeidd noko med vurdering av elevar med særskilte behov. Det er mogleg at lærarar kan ha opplevd delar av dette arbeidet som eit press for å gje vurdering med ståkarakter.

Undervegsvurderinga er også blitt noko sterkare vektlagt.

Talet på eksamenar på yrkesfag er sterkt redusert. Samtidig er eksamensordninga i programfaga blitt meir praksisorientert. Dette kan gi som utslag at færre elevar stryk.

Endringar i læreplanverket kan gi lågare strykprosent.