/ Forsiden / Siste nytt / Holocaustdagen
Holocaustdagen
Holocaustdagen er FN' s internasjonale dag mot diskriminering og rasisme.
27.1.45 vart konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen befridd av styrkar frå den Røde Arme, og dei kvite bussane henta dei gjenlevande fangane heim.
Markeringa i år er spesiell, fordi det i år også er 10 år sidan Benjamin Hermansen vart drepen av nynazistar på Holmlia i Oslo. Drapet skjedde den 26.1.2001.
I ettertid oppretta regjeringa ein pris som årleg blir delt ut til skolar og institusjonar som arbeider mot rasisme og diskriminering, og prisen fekk namn etter Benjamin Hermansen. Sunndal vidaregåande skole er som kjent den første skolen i landet som fekk tildelt prisen. Det skjedde 27.1.2003.
Elevane frå 3.klasse, som deltok på sist hausts tur med De Hvite Busser, deltok i markeringa med tende lys. Elevar bar flagg som viser kor mangfaldig bakgrunn elevar og tilsette ved skolen har.
Petter Erik Innvik heldt appellen for dagen. Innvik fortalde historia om Benjamin Hermansen og historia om David Glick for å illustrere kva utslag nazisme og rasisme kan gi.


