Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Siste nytt / Holocaustdagen markert

Holocaustdagen markert

I 2005 bestemte FN at 27. januar skal vere ein internasjonal minnedag tilegna ofra for nazistane sine utryddingsleirar. Det var på denne datoen i 1945 at sovjetiske styrkar befridde dei overlevande fangane i Auschwitz i tyskokkupert Polen.
Holocaustdagen er viktig i FN' s arbeid mot diskriminering og rasisme.
Fredag 27.01.2012 markerte Sunndal vgs den internasjonale Holocaust-dagen.
Helle Gannestad held appell for elevar og tilsette.

Elevar og tilsette var samla i kantina under markeringa. Fleire elevar heldt tente lys.

Helle Gannestad sa ho var glad for å bli invitert tilbake til Sunndal vgs som hadde vore med å forme ho og skape og bygge opp samfunnsangasjementet hennar. 

Ho var uroa over utviklinga i Europa med stigande arbeidsløyse og fattigdom. Ho trekte parallellar til Europa på 30-talet og det grunnlaget som der vart lagt for framvekst av rasisme, nazisme og facisme.

Drapa på Utøya og i Oslo 22. juli 2011 og drapet på Benjamin Hermannsen 26. januar 2001 tydeleggjer for oss at det også i Norge er menneske som set seg sjølv over demokratiet og vil bestemme over liv og død for andre. Det er vårt ansvar å bry oss og å kjempe tilbake, sa Helle Gannestad.