Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Siste nytt / Inntak til nytt skoleår

Inntak til nytt skoleår

Svar til søkarar på første inntak vil vere klart 9. juli, og svarfrist frå søkarar er 16. juli. Svar frå søkarar på tilbod skal gjevast på www.vigo.no og søkjarane må bruke PIN-kodar til MinID for å gå inn og svare.

Søkjarane kan allereie no gå inn på vigo.no og legge inn førehandssvar dersom dei veit at dei er bortreist på ferie og ikkje vil ha tilgang på Internett når svaret om inntak kjem.
Dersom ein ikkje går inn og svarar på tilbod om skoleplass eller ventelisteplass innan fristen mister ein tilbodet og har ikkje krav på å få eit nytt.

Sunndal vgs vil med dette be alle søkarane sjekke at dei har kodane dei treng for å gå inn og svare på tilbod om skoleplass i juli.

Har nokon mista sine PIN-kodar eller passord til MinID må dei snarast bestille nye.

For å få nye PIN-kodar til MinID må ein kontakte Skatteetaten. Ein må huske at PIN-kodar
til MinID blir sendt til den folkeregistrerte adressa, og det kan ta nokre dagar før ein får
desse i posten.

Dersom ein har gløymd passordet sitt må ein kontakte MinID.
Informasjon om korleis ein får nye PIN-kodar frå Skatteetaten eller nytt passord frå MinID
ligg på www.vilbli.no.

Utdanningsavdelinga vil sende ut SMS med påminning om at inntaket er gjort til dei
søkjarane som har lagt inn sitt mobilnummer på søknaden på vigo.no, men søkjaren treng
ikkje å få ei slik påminning for å gå inn og svare på tilbod. Inntaket vil vere synleg på
vigo.no frå og med 9. juli. Søkjarar som ikkje har lagt inn mobilnummer på søknaden sin vil
som før få svar med svarslipp i posten. Dei kan enten sende inn svarslippen per post, eller
gå inn på vigo.no for å svare.

Søkjarane kan allereie no gå inn på vigo.no og legge inn førehandssvar dersom dei veit at
dei er bortreist på ferie og ikkje vil ha tilgang på Internett når svaret om inntak kjem.
Dersom ein legg inn førehandssvar treng ein ikkje svare innan svarfristen, men kan gå inn
og sjå kvar ein har fått tilbod om plass, samt dato og tidspunkt for oppmøte ved skolen når
ein kjem heim att frå ferie.

Utdanningsavdelinga har laga eit informasjonsskriv med mykje informasjon om inntak til vidaregåande
opplæring. Skrivet er tilgjengeleg http://www.mrfylke.no/Tenesteomraade/Utdanning/Inntak