Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Siste nytt / Internasjonale dagar

Internasjonale dagar

Sunndal vidaregåande skole arrangerer Internasjonale Dagar.

Onsdag 25. oktober er det eit arrangement i Hovshall, Sunndal Kulturhus, der Peter Wergeni spelar saksofon, ein representant for elevane sin Operasjon Dagsverk-komité orienterer, og filmen eks-visepresident Al Gore står bak om klimaproblema blir vist som skoleforestilling. Erling Outzen leier arrangementet. Tid: Klokka 12.20-14.30, inkl filmvisning.
Torsdag 26. oktober blir det eige opplegg heile dagen på vgs. Blant anna skal alle klassar på yrkesfag grunnkurs besøke Asylsøkarmottaket, det blir vist ein dokumentarfilm for alle elevane på skolen om OD-aksjonen i år, der pengane går til utdanning i Nepal, det blir gjennomført eit undervisningsopplegg i samband med tema Nepal, og det blir ei volleyballturnering.
Fredag 27. oktober er sjølve Operasjon Dagsverk-dagen, da elevane har fri frå skolen for å kunne arbeide ein dag til inntekt for dei som er mindre heldige i andre land. Lærarane har da planleggings- og kursdag.
Vidare informasjon får de ved å vende dykk til Egil Ruud eller Erling Outzen.