/ Forsiden / Siste nytt / Klage på karakter?
Klage på karakter?
Alle klager har ein klagefrist på 10 dagar. Fristen skal reknast frå tidspunktet når meldinga om vedtaket er komen fram til den har klagerett, eller når den som har klagerett burde ha gjort seg kjent med vedtaket.
Alle elevar har klagerett. Det vil seie at dei har rett til å klage på standpunktskarakterar og eksamenskarakterar, Det kan også klagast på vedtak om ikkje å sette standpunktskarakter (forskrift til opplæringslova § 5-1 og § 5-2).
Skjema for klage på standpunktkarakter finn du her
Informasjon om klagerettar
Detaljert informasjon finn du i forskrift til opplæringslova kap 5
Elevombodet i Møre og Romsdal kan hjelpe ved klage
Elevombodet i Oslo har laga eit lite webkurs om klage på karakterar


