/ Forsiden / Siste nytt / Lærebøker og berbare datamaskiner
Lærebøker og berbare datamaskiner
Alle elevar skal ha eigen berbar datamaskin.
Lærebøker
Elevane på Vg1 må kjøpe lærebøker som skal brukast i skolearbeidet.
Tilrådde læremiddel Vg1
Vg2- og Vg3-elevane er omfatta av ordninga med gratis læremiddel og vil få lånt nødvendige lærebøker av skolen.
På grunn av at kontrakt med lærebokleverandør ikkje vil bli inngått før i august, er det lite sannsynleg at skolen vil ha lærebøker til utlån ved skolestart. Ein må rekne med at lærebøkene som elevane skal få låne ikkje vil vere på plass før midten av september.
PC-stipend
Berbar PC skal brukast i opplæringa ved Sunndal vidaregåande skole, og ein føreset at alle elevane held seg med PC sjølv.
Det blir utbetalt eit PC-stipend til første års elevar med kr. 3200 til Vg1-elevar på dei studiespesialiserande programma, og kr 3900 til Vg1-elevar på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Fylket sørgjer for at elevane har fri tilgang til aktuelle lærestader på Internett. Stipendet vil bli utbetalt frå 1. september. Dersom ein sluttar før 1. november vil ein krevje stipendet tilbakebetalt.
Dei elevane som fikk PC-stipend i fjor vil bli kravd for 820 kr. for bruk av berbar PC, i samsvar med dei reglane som er fastsett i forskrift til opplæringslova.For at ein skal ha glede av ein berbar PC til opplæringsformål må ein ved kjøp særleg vurdere:
- batterikapasitet, batterisparing (bruk av berbar PC føreset at ein slepp å vere avhengig av veggkontakt heile tida for at PC-en skal ha straum)
- vekt (du skal kunne transportere den saman med lærebøker og anna materiell)
- robust (den må tåle å bli transportert i sekk, veske).
- trådlaus kommunikasjon (utstyrt med kort for dei vanlege kommunikasjonsstandardane)
- service og garanti (reparasjonstid, erstatnings-PC i reparasjonstida, serviceavtale)
Elles kan ein kontakte skolen for eventuelt å få tips og råd.
Skolen vil sende ut eige infoskriv til dei inntekne elevane etter 2.gongs inntak, dvs i byrjinga av august.


