/ Forsiden / Siste nytt / Ledig stilling: Lærar i norsk og spansk
Ledig stilling: Lærar i norsk og spansk
Fullstendig utlysingstekst finn du ved å klikke på "Les meir"
Sunndal vidaregåande skole deltar aktivt i lokalsamfunnet.
Resurssenterdrift utgjer ein viktig del av skolen si verksemd.
Det er 50 tilsette og 300 elevar fordelt på fem utdanningsområde ved skolen.
Sunndal vidaregåande skole er eigd av Møre og Romsdal fylke og er lokalisert på Sunndalsøra
Skolen har følgande stilling ledig:
Lærar i fagområdet norsk og spansk
100% fast stilling frå 1. august 2010
Vi søkjer ein person som:
- har gode faglege kvalifikasjonar
- vil vere med å vidareføre skolen si praksisretting av fagutdanninga
- ser verdien av individuell fagleg og personleg rettleiing av elevane
- ønskjer å vere med å vidareutvikle skolen si rolle i lokalsamfunnet
- kan ta initiativ og arbeide sjølvstendig
- har god evne til samarbeid med tilsette og elevar.
Tilsetting på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement
Frå brutto løn blir det trekt 2% til pensjons- og forsikringsordning
Tilsetting i stillingane er avhengig av godkjenning i Møre og Romsdal fylke sin stillingsbank.
Tilsetting i stillingane blir gjort med atterhald om godkjent politiattest for arbeid med barn- og unge.
Nærare opplysingar: Rektor Jan Ove Løken på tlf 48110482 eller assisterande rektor Egil Ruud på tlf 41322349.
Sunndal vidaregåande skole nyttar elektronisk søknadshandsaming. Vi ber difor om at du sender elektronisk søknad på http://www.mrfylke.no
Søknadsfrist: 27. februar 2010


