Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Siste nytt / Mange elevar skal ha berbar pc!

Mange elevar skal ha berbar pc!

Alle elevar som startar på 1. året ved Sunndal vidaregåande skole hausten 2007, skal ha eigen berbar pc.

Det same skal elevane på vg2 Studiespesialisering, vg2 Helse- og sosialfag og vk2 Allmenne fag / Allmennfagleg påbygging.

Møre og Romsdal fylke gir eit stipend på kr 5.000 til alle elevar på vg1 hausten 2007. Vi krev samtidig at alle elevane som får stipendet, har eigen berbar pc som skal brukast i opplæringa.

Elevar på vg2 Studiespesialisering, vg2 Helse- og sosialfag og vk2 Allmenne fag / Allmennfagleg påbygging får leige berbar datamaskin for kr 800,- dersom dei ikkje har eigen datamaskin.

Minstekrava til ein berbar elev-PC som skal brukast i det trådlause elev-/skolenettet er:

  • batterilevetida bør vere minimum 2,5 timar
  • minst 40 GB lagring på harddisken
  • minimum 512 MB RAM og prosessorhastighet på 1,5 GHz
  • det trådlause nettverkskortet må støtte dei standardane som brukast i dag

Møre og Romsdal fylke har utarbeidd ei brosjyre som gir konkrete PC-råd til elevar som skal begynne på vidaregåande skole til hausten. Du finn meir opplysingar og brosjyra ved å klikke på lenka: Lenke til meir opplysingar