/ Forsiden / Siste nytt / Mindre rus blant ungdom i Sunndal
Mindre rus blant ungdom i Sunndal
Færre rusar seg
Færre bruker narkotika
Færre røyker
Færre får med alkohol heimafrå
Ungdom er eldre første gong dei bruker rusmiddel
Ungdom drikk svakare alkohol
Dette viser dei årlege rusundersøkingane Sunndal kommune har gjennomført sidan 1999 i samarbeid med Sunndal vidaregåande skole.
Nokre sentrale tal frå undersøkingane:
- Fleire har aldri brukt rusmiddel (18% i 2007 mot 9% i 2001)
- Færre får med seg alkohol heimafrå (50% i 2007 mot 66% i 2001)
- Færre debuterer på alkohol før 14 år (28% i 2007 mot 45% i 2004)
- Færre røyker (7% i 2007 mot 25% i 2001)
- Færre har prøvd hasj (7% i 2007 mot 20% i 2001)
Utviklinga må sjåast i samanheng med det målretta arbeidet Sunndal kommune har gjort over fleire år for å få redusert rusbruken blant ungdom.
Det er høg grad av samsvar mellom resultata av denne undersøkinga og den nasjonale rusundersøkinga som blir gjennomført av Statens institutt for rusmiddelforsking. Den nasjonale undersøkinga tek også for seg andre aldersgrupper.
Eit av dei tydelege resultata i den nasjonale undersøkinga er at det er unge vaksne (21 - 30 år) som er "verstingane" i russamanheng.


