Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Siste nytt / Nye dreiebenkar

Nye dreiebenkar

Alle dei gamle dreiebenkane ved Sunndal vidaregåande skole er skifta ut.

Vi har kjøpt tre splitter nye dreiebenkar som tilfredsstiller alle krav frå tilsynsmyndigheitene. I tillegg har vi fått ein dreiebenk frå Hydro Aluminium Sunndal.

I løpet av dei to siste åra har Sunndal vidaregåande skole skifta ut alle dreiebenkar.

Arbeidstilsynet var ikkje nøgd med tilstanden på dreiebenkane ved enkelte av dei vidaregåande skolane i fylket.

I eit samarbeid mellom Arbeidstilsynet, Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke og dei vidaregåande skolane som brukte dreiebenkar i opplæringa, vart det avgjort at alle gamle dreiebenkar enten skulle ombyggast eller skiftast ut.