Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Siste nytt / Skolestart

Skolestart

290 ungdommar starta skoleåret ved Sunndal vidaregåande skole i dag.

Rektor Jan Ove Løken helsa elevane velkomne til nytt skoleår, eit år med mykje, læring, trivsel, arbeid, lesing, skriving og kameratskap. Men først og fremst eit år der den enkelte ungdom vil utvikle seg som menneske.

Elevane sin første skoledag i det nye skoleåret vart nytta til møte mellom elevar og kontaktlærar, til å gjere seg kjent med skolen og til å leggje til rette ein del praktiske gjeremål som t.d registreringa av elevopplysningar for skoleskyss

Nokre elevar nytta og høvet til å ta ein tur innom kantina.