/ Forsiden / Siste nytt / Skolevegen stengt av ras
Skolevegen stengt av ras
Riksveg 70 er stengt mellom Opdøl og Sunndalsøra på grunn av ras om kvelden 24.august 2008.
Det blir ikkje sett opp båttransport mellom Opdøl og Sunndalsøra måndag 25. august.
30 elevar kjem seg ikkje på skolen måndag 25.august på grunn av raset, dei kan gjere skolearbeid heime.
For dei resterande 250 elevane blir det skole som vanleg.

Elevar med tilgang til Classfronter, finn arbeidsplan for veke 35 der. Måndagen kan nyttast til skolearbeid ut frå vekeplanen.
Rasfaren blir vurdert måndag.Vurderingane vil avgjere når vegen blir opna.
Sunndal kommune tek stilling til eventuell båttransport mellom Opdøl og Sunndalsøra frå tysdag 26.august dersom vegen ikkje blir opna måndag 25.august.
Elevar og føresette blir oppmoda om å følge med på nyheitene og på Sunndal kommune sine heimesider