/ Forsiden / Siste nytt / Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!
Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.
Når kan eg søkje?
Du må takke ja til skoleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skoleplass.
Kvar kan eg søkje?
- Du kan logge inn på vigo.no og søkje derifrå når du seier ja takk til skoleplass. Du loggar inn med MinID.
- Du kan søkje frå lanekassen.no. Du loggar inn med MinID.
Korleis får eg pengane?
- Du sjekkar resultatet av søknaden på Dine sider på www.lanekassen.no. Logg inn med MinID.
- Når søknaden er behandla, kjem svaret (stipendmeldinga) til skolen. Hent brevet der når skolen startar til hausten. Ingen får utbetalt pengar før skolen har starta.
- For å få pengane til kontoen din må du skrive under på brevet (stipendmeldinga) og sende det tilbake til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under.


