Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Siste nytt / Søking til vidaregåande opplæring 2010/2011

Søking til vidaregåande opplæring 2010/2011

Skal du søke vidaregaånde opplæring skoleåret 2010/2011?
Opplysing om søknadsfristar, søknadsrutiner m.m. finn du her.

MinID:
Du skal frå 2010 av nytte MinID for å logge deg inn på www.vigo.no og søkje vidaregåande
opplæring. PIN-kodar til MinID blir sendt ut frå skatteetaten i løpet av januar til alle som er
folkeregistrert i Møre og Romsdal og ikkje er brukar av MinID frå før. Alle som har ein profil
på Min ID frå før skal nytte denne.

Dersom du har mista PIN-kodane dine kan du bestille nye på tre måtar:
1) Ring 800 30 300
2) Bruke Internett, gå til nettsida www.skatteetaten.no
3) Skriv PINKODER "mellomrom" fødselsnummer (11 siffer) og send SMS til 2080.
OBS! PIN-kodene blir sendt til din folkeregistrerte adresse, og det tek ca 5 dagar.

Kven skal registrere seg på vigo.no:

Alle ungdommar som har rett til vidaregåande opplæring skal registrere seg på www.vigo.no.
Dette gjeld alle som skal søke skole eller opplæring i bedrift.
Dei som ikkje skal søkje vidaregåande opplæring skal også registrere seg på vigo.no. Dei
skal registrere årsak til at dei ikkje søkjer opplæring. Grunnen er at Møre og Romsdal
fylkeskommune har ansvar for oppfølging av ungdom mellom 16 og 21 år som ikkje er i
opplæring. Dersom ein ikkje registrerer seg på www.vigo.no vil ein bli kontakta av
oppfølgingstenesta (OT). Sjå meir om OT på vilbli.no

Søknadsfristar
Søknadsfristen er 1. februar viss du skal søke om spesialundervisning eller lærekontrakt
med unntak frå opplæringsordninga.
Søknadsfristen er 1. mars for alle andre som skal søke vidaregåande skole eller
lærekontrakt.
Det blir opna for søking på www.vigo.no 5. januar. Fram til søknadsfristen går ut kan ein
endre på søknaden sin så mange gonger ein vil.

VIKTIG!
Når du har lagt inn søknaden din: send kvittering til eiga e-postadresse eller skriv ut
kvitteringsbildet. Kvitteringa er det einaste beviset du har på at du har lagt inn søknad.
Dersom du endrar søknaden din må du alltid passe på å ha den sist gjeldane kvitteringa.
Kontroller at søknaden er riktig på vigo.no før søknadsfristen går ut. Sjekk at telefonnummer,
e-postadresse og mobilnummer stemmer. Du kan endre telefonnummer, mobilnummer og tipostadresse
på vigo.no fram til 1. juli.

Lenke til Møre og Romsdal fylke sine nettsider om søking til vidaregåande opplæring 2010/2011