Right menu

Kontaktinformasjon:

Sunndal vidaregåande skole Skoleveien 14
6600 Sunndalsøra
E-post til skolen
Telefon: 90218000
Fax: 71691806

/ Forsiden / Siste nytt / Sunndalsungdom vil ikkje vaksinere seg mot svineinfluensa

Sunndalsungdom vil ikkje vaksinere seg mot svineinfluensa

Etter det rektor kjenner til, vil berre om lag 100 av 300 elevar ved Sunndal vidaregåande skole vaksinere seg mot svineinfluensa.

Dette er urovekkande, meiner rektor

Alle elevar ved Sunndal vgs har fått tilbod om vaksine mot svineinfluensa på skolen i skoletida måndag 7. desember 2009. Berre om lag 75 ungdommar har takka ja til tilbodet. I tillegg er det nokre som er vaksinert frå før, slik at til saman om lag 30% av elevane vil vere vaksinert etter skolevaksineringa.

Helsedirektoratet har oppmoda unge mellom 15 og 30 år spesielt om å ta vaksina etter at risikogruppene er vaksinert, men mange unge i Sunndal takkar nei!

Den som er vaksinert får to effektar:

  1. Du blir ikkje sjuk av svineinfluensa
  2. Du smittar ikkje andre slik at dei blir sjuk

Det ser ut til at vi vil få mange unge som blir sjuke av svineinfluensa i månadane som kjem då så få vil vere vaksinert. Alle som ikkje er vaksinert vil vere moglege smittespreiarar.