/ Forsiden / Siste nytt / SVØMMER MED KVEITER
SVØMMER MED KVEITER
Elevar ved Sunndal vgs vil svømme med kveite og andre fiskeslag i utandørs basseng oppvarma av spillvarme frå Hydro.
Dette kom fram under årets Gründercamp 26. og 27. september 2011.
Problemstillinga elevane fekk tildelt var korleis dei såg for seg ei framtidig utnytting av dei enorme energimengdane ein i dag ikkje nyttar ut etter aluminiumsproduksjonen ved Hydro Aluminium Sunndal.
Ideane var mange og gode. Gruppa Aquajoy vann gründercampen med sin ide om eit badebassen oppvarma av vannbåren fjernvarme frå Hydro. Ein glassvegg skilde bassenget frå oppdrettsfisk frå NOFIMA, slik at badegjestane fekk ei oppleving av å svømme saman med fiskane.
Vinnarløysinga vart presentert ved avslutninga av årets vekelange Idefestival i Sunndal


